Lekent og lunt fra Iren Reppen

For 26 år sidan skreiv Iren Reppen showet  «Det e hardt å være mainn», som vart spela på Hovudscenen på Det Norske Teatret, filma av NRK og snappa opp av plateselskap da Iren Reppen var ung skodespelar og artist. Ei rekke erfaringar rikare har ho no kome fram til at «Det e hardt å være bitch». 

I dette eventyret frå verkelegheita møter vi ei jente som vaks opp med store draumar. Etter kvart blir draumane oppfylte, men ho søker seg stadig vidare.

Gjennom eigne tekstar og til musikk av Svein Gundersen, leiar Iren Reppen og bandet hennar publikum gjennom erfaringar og ambisjonar, håp og eit brennande ønske om å vere god nok.

For Iren Reppen fekk makt. Ho var den første kvinnelege teatersjefen ved Hålogaland Teater, Nord-Noregs største kulturinstitusjon. Ho har sett seg sjølv og teateret frå ulike sider. Kven er ein som menneske, og kven blir ein i rolla som sjef? Kva gjer makt og posisjon med ein? Det er ikkje alltid så enkelt å få auge på kor makta eigentleg ligg, og kva som driv eit menneske med makt. Er det så morosamt som alle vil ha det til?  Og kva ventar eigentleg på maktas øvste topp? 

«Det e hardt å være bitch» er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret, Brageteatret, Hålogaland Teater og Iren Reppen.

Reppen har fått verkstadstønad frå Dramatikkens hus.

Anmeldelser:

  • Nordlys (+) «Lekent og lunt fra Reppen» (Terningkast 5)
  • Aftenposten (+) «Et modig og ærlig arbeid fra Iren Reppen» (Terningkast 5)
Det er lekent, det er lunt, det er sang og musikk, anekdoter, humor og refleksjoner om hverandre, men innholdet er både samfunnskritisk og selvkritisk.

Anki Gerhardsen, Nordlys

Iren Reppen

Skuespiller

  • Gjestespill

    24. januar

  • Varighet

    1 time og 15 minutt uten pause