I Eg er vinden let Jon Fosse mennesket vere eit mysterium. Det meiner i alle fall Victoria Meirik, regissøren som til hausten tek fatt på nobelprisvinnaren sitt gåtefulle drama på Rogaland Teater.

TEKST: KAREN BRIMSØ-BIRKELAND / FOTO: HANNE NYGAARD

Eg er vinden er ei poetisk førestilling om livet og døden, om kor vanskeleg det er å snakke med kvarandre, og om kor avgrensa språket er når livet blir utfordrande.

I stykket møter me to karakterar: Den eine og Den andre. Den eine har teke eit val som er vanskeleg for Den andre å forstå. Korleis forklare for nokon nær deg at du ikkje orkar å leve lenger? Korleis setje ord på noko du ikkje eingong klarer å forklare for deg sjølv?

Det blir eit mysterium dei prøver å snakke om – nøste opp i. Men språket strekk ikkje til, og me blir vitne til kor vanskeleg det er å snakke om det som er aller vanskelegast.

Å lytte for å forstå

Stykket utspelar seg på havet, der fortid og notid vev seg saman medan dei to karakterane fortel si historie. Publikum blir dregne inn i handlinga og får oppleve kor krevjande det er å verkeleg lytte til eit anna menneske.

Også Fosse har ry på seg for å vere litt vrien, men regissøren har ei klår oppmoding: Du må lytte for å forstå deg på dramatikaren og forfattaren. Og lytte kan du gjere på mange måtar – ikkje berre intellektuelt, men også sanseleg. Det krevst særleg i vanskelege situasjonar, og for å kunne lese Fosse.

– Fosse krev ikkje at du skal sitje der og forstå stykket som ei gjennomarbeidd detektivhistorie. Han ønskjer at du lyttar til det som oppstår i deg der og då. Kanskje finn du eit svar i augneblinken, kanskje ikkje. Det handlar om ei lytting som når du lyttar til musikk eller naturens lydar – ikkje om å følgje ei lineær historie. Det skal vere ei oppleving for sansane.


Eit skodespelarstykke

Meirik har vitja Rogaland Teater fleire gonger, og gler seg til å kome tilbake til teateret ho skildrar som modig, spennande og veldrive. Men det er skodespelarane ho ser mest fram til å jobbe med.

– Å jobbe med skodespelarane er alltid kjernen for meg, særleg med denne teksten her. Det er verkeleg eit skodespelarstykke.

Den eine og Den andre blir spelte av Kim Fairchild og Svein Solenes. Regissøren opplever at Fosse legg vekt på at skodespelarane skal vere nære seg sjølve. På same måte som i stykket, er balansen og overgangen mellom det verkelege og det uverkelege spennande.

– Skodespelarane si nærleik til teksten er avgjerande. For meg er det viktig at publikum opplever to skodespelarar som ikkje berre framfører teksten, men som verkeleg lever seg inn i han, føler med han, og som finn seg sjølve og sin eigen livssituasjon att i det som blir sagt.

Enkelt om det vanskelege

Tematikken i stykket er vanskeleg og kompleks. Mange blir råka når nokon tek sitt eige liv, og det kan vere krevjande å snakke om og uttrykkje kjenslene det vekkjer. Korleis kan nokon velje bort livet? Korleis kan alt bli så mørkt? Samstundes treng me eit språk for å setje ord på det me ikkje kan forstå.

– Og det er nettopp dét eg opplever at Fosse gjer. Han viser respekt for forskjellar og for det ein ikkje forstår. Han fremjar ei respekt for livet, sjølv om nokon seier: «Eg trur eigentleg eg har lyst til å forsvinne. Bli vatnet. Vere naturen.»

I Noreg tek om lag 650 menneske livet sitt kvart år. 6500 etterlatne og pårørande blir råka av sjølvmord. Sidan 2010 har det vore ein kraftig auke i talet på menneske som strevar med å finne meining i livet og som opplever psykiske problem[1].

– Eg trur stadig fleire menneske slit med å kjenne seg att i verda me lever i. Fosse utforskar sider ved samtida vår som mange opplever som utfordrande. Midt i dette mørket viser han likevel djup respekt for den eksistensielle tvilen mange kan kjenne på, og han gjer det på ein heilt enkel måte: To menneske sit og snakkar saman. Det er dét, og det likar eg.

Eit stykke for alle

Mange unge i dag kjenner på ei kjensle av håpløyse og det å leve i ei verd dei ikkje passar inn i. På den måten vil Eg er vinden også vere eit stykke for dei. Kanskje meir enn for nokon andre?

– Ungdommar sansar mykje, men har ikkje alltid orda. Dei berre er i det dei sansar. Fosse skriv rett inn i ei slik livskjensle. Eg trur mange unge vil forstå måten Den eine og Den andre kommuniserer på.

Og kanskje blir me litt glade i dei to òg? Det håpar i alle fall regissøren på.

–Eg håpar publikum blir glad i Den eine og Den andre. At dei kjenner varme for korleis dei prøver å løyse floken, og at dei verkeleg lyttar til det som oppstår mellom dei to. At dei får ein time der dei kjem nærare to menneske og seg sjølve. Og så håpar eg at dei etterpå får lyst til å setje seg ned og sjå utover havet med dei næraste sine og berre vere i lag. Det er vel det eg ønskjer: At ein får lyst til å vere i lag og verkeleg lytte til det nokon har behov for å seie.


[1] Folkehelseinstituttet. (2022, 16. november). Selvmord i Norge. https://www.fhi.no/he/folkehelserapporten/psykisk-helse/selvmord-i-norge/?term=