Eg er vinden
Intimscenen
20. nov. 2024 - 25. jan. 2025
1 time uten pause
Jon Fosse er poet, omsetjar og dramatikar og fekk som den fjerde nordmannen nokosinne, Nobelprisen i litteratur «for hans nyskapende dramatikk og prosa som gir stemme til det usigelige»
Å gje ei stemme til det som ikkje kan seiast.
I haust gjev Victoria Meirik, som tidlegare har sett i scene fleire Fosse-stykke, seg i kast med Eg er vinden. Der me får me vera med to personar på ein båttur, eller kanskje har turen alt funnen stad? Kan henda er det berre eit minne me får sjå. Eit minne av dei to i båten, der dei slåst mot bylgjene, båten og sine eigne demonar. Korleis kan me nærma oss kvarandre og med kva slags språk? Kan me finna ord for å gripa dei store spørsmåla ved tilværet? Korleis kan me vera i verda, og korleis forstå ein som ikkje orkar? Slik kjernen i Fosses imponerande forfattarskap også handlar om: gje ei stemme til det som ikkje kan seiast.
Jon Fosse er ein meister med dialogen
Symbolsk, rasande og håpefull
Og enn så einsamt det kan kjennast å prøva å nå kvarandre, er det kanskje gjennom forsøket at me opplever ein fellesskap og ein tryggleik. Slik Fosse sjølv sa i Nobelforedraget sitt:
«Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.»
Det er fyrste gong sidan 2008 at Rogaland Teater set opp Fosse. Når me no endeleg gjer Fosse igjen, er det med eit imponerande kunstnarisk team som vil ta oss med på ein seglas frå Intimscenen og ut på dei store eksistensielle djupa, gjennom den fellesskapen det er å kunna dela kunst, for å seia det med Fosse.
Vi gjer merksame på at det bli brukt scenerøyk i framsyninga!
Varighet
1 time uten pause
Av
Jon Fosse
Regissør
Victoria Meirik
Scenograf og kostymedesigner
Anette Werenskiold
Lysdesign
Agnethe Tellefsen
Komponist
Ingvild Langgård
Stemmer i innspilt musikk
Kim Fairchild og Ingvild Langgård
Dramaturg
Matilde Holdhus
Maskør
Mio Eyfjord
Forestillingsfoto
Grethe Nygaard
Forlag
Colombine
Varighet
1 time uten pause