Melancholia II
Av Jon Fosse
KJØP BILLETT
Teaterhallen
11. feb. 2027 - 20. feb. 2027
Scenetekst av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist
Ymist snur på Fosse sin kronologi og zoomar inn på Hertervig først gjennom minna søstera Oline har om Lars. Så gjennom forfattaren Vidme som har bestemt seg: «I dag skulle Vidme begynne på ein roman som skal ha noko med bileta til malaren Lars Hertervig å gjere». Til slutt vert publikum kasta inn i Lars eigne kvernande tankar og akselererande psykose. Han ligg på senga i den lilla fløyelsdressen sin og fryktar møte med Hans Gude. For: «tenk om Hans Gude seier at eg aldri kan bli kunstmalar. Eg må ikkje la Hans Gude seie det til meg. Eg vil ikkje treffe Hans Gude. For eg kan male.»
Publikum kan velja å sjå begge førestillingane eller nøya seg med éi.
Melancholia II handler om det fundamentale i menneskelivet; om skam, verdighet, kjærlighet og død. Det er ein sår historie om det å høyre saman med nokon og samtidig om kroppsleg og mentalt forfall.
Stavanger, tidleg på hausten 1902: Gamle Oline kjemper seg opp den bratte brekka ifrå kaien og opp til huset sitt – med fisk i den eine handa og stokk i den andre. Kroppen verker, tankane surrar, ho tenkjer mykje på broren Lars, og dessutan kjenner ho at ho må på do. Oline skal døy i dag .
Fosse skriver fra innsiden av tankestrømmen til Oline, fra innsiden av den skrøpelige kroppen. Vi kan kjenne hvordan beina hennes verker, kjenne skammen over ikke å ha kontroll på kroppsfunksjonene sine. Fosses roman er et trippelportrett; Den er både et portrett av Oline, av kunstnerbroren hennes Lars Hertervig (1830-1902), og av forfatteren selv, som gir seg til kjenne i måten å se på, gjennom tekstens materialitet, rytme og pust.
Forestillingen Melancholia II er et forsøk på å gestalte en romans historie og språkrytme i et gjennomkoreografert fysisk språk. Skuespilleren ser på forfatteren, som ser på Oline, som ser på broren sin Lars, kunstneren.
Regi og koreografi
Erlend Samnøen
Dramatisering og dramaturg
Oda Radoor
Lysdesign
Ingeborg Staxrud Olerud
Komponist
Gaute Storsve
Scenografi og kostyme
Maja Nilsen