Melancholia I
Av Jon Fosse
KJØP BILLETT
Teaterhallen
11. feb. 2027 - 20. feb. 2027
Scenetekst av Oda Radoor – ei framsyning av Ymist
Mysteriet rundt sjukdomen og skaparkrafta til landskapsmålaren Lars Hertervig (1830–1902) er kjernen i Jon Fosse sine to Melancholia-romanar – og i Ymist sine framsyningar Melancholia II og I.
Ymist snur på Fosse sin kronologi og zoomar inn på Hertervig først gjennom minna søstera Oline har om Lars i Melancholia II. Så gjennom forfattaren Vidme som har bestemt seg i Melancholia I: «I dag skulle Vidme begynne på ein roman som skal ha noko med bileta til malaren Lars Hertervig å gjere». Til slutt vert publikum kasta inn i Lars sine eigne kvernande tankar og akselererande psykose. Han ligg på senga i den lilla fløyelsdressen sin og fryktar møte med Hans Gude. For: «tenk om Hans Gude seier at eg aldri kan bli kunstmalar. Eg må ikkje la Hans Gude seie det til meg. Eg vil ikkje treffe Hans Gude. For eg kan male.»
Publikum kan velja å sjå begge førestillingane eller nøya seg med éi.
Kvernande tankar og akselererande psykose
Mange ser no på Lars Hertervig (1830–1902) som vår kanskje fremste malar. I samtida blei han sett på som ein tulling. I Melancholia I gir Jon Fosse sin framstilling av korleis Lars Hertervig kan tenkjast å ha hatt det den dagen han som kunststudent i Düsseldorf blei kasta ut frå hybelen sin fordi han hadde forelska seg i den unge dottera i huset. Og korleis kan han ha hatt det den morgonen han stakk av frå Gaustad asyl, der han blei innlagd etter at det stavangerske borgarskapet kom til at mannen var galen. Framsyninga utforskar oppløysinga av sinnet, skiftingane mellom håp og fortviling, kjærleikskraft og eksistensiell einsemd. Ho utforskar tapet av kontroll over kroppen og vegen inn i døden. Romanteksten blir løfta frå boksida og inn i scenerommet, der han strøymer gjennom skodespelarkroppane.
Regi og koreografi
Erlend Samnøen
Dramatisering og dramaturg
Oda Radoor
Lysdesign
Ingeborg Staxrud Olerud
Komponist
Nils Jakob Langvik
Scenografi og kostyme
Kjersti Alm Eriksen