Tekst: Jofrid Åsland | Foto: Stig Håvard Dirdal

Reine golv, branndører som fungerer, mat i kantina, telefon og IT-system kjem ikkje av seg sjølv. Driftsavdelinga ved Rogaland Teater er ikkje for pyser. Øystein Næss, HMS og driftssjef, og Atle Erland, driftsteknikar, deler historier frå ein hektisk kvardag.

– I 2013 røyk hovudvassleidinga midt på natta, og hovudtavla i teateret var fylt med ein halv meter vatn, fortel Erland.

Han var den heldige vinnaren av ei aldri så lita arbeidsøkt i dei små timar. Dørene måtte stengast og store delar av det elektriske anlegget måtte skiftast på grunn av skadane.

HMS og driftssjefen klikkar kjapt på tastaturet. Ved hjelp av eit par tastetrykk kan han finne fram all slags grums frå fortida.

– Me hadde brann i teaterhallen klokka 00:30 ei natt i 2009. Då måtte eg ned og hjelpe brannvesenet, sikre huset for natta og organisere vidare framdrift av arbeidet, seier Næss.

Den brannen resulterte i skade på det elektriske anlegget for tre millionar kroner.

Heldigvis høyrer ikkje slik dramatikk til normalen for driftsavdelinga. Mykje oftare må dei handtere telefontrøbbel, teknisk inkompetente menneske i møte med teknikk og rutinekontrollar.

Regelverk møter kunst

HMS er eit stadig meir diskutert tema, også ved Rogaland Teater. Dette ansvaret kviler på Næss sine skuldrer.

– Me har blitt flinke til å komme tidleg inn i prosessen. Når ei førestilling er i planleggingsfasen startar eg med risikovurderingar ganske fort, forklarar Næss.

– Av og til må eg seie nei til dei sprøaste ynskja kunstnarane har. Då er det ofte brannfare eller snakk om for høg fallhøgde.

Sjefen for HMS har klare regelverk for korleis skodespelarane kan få framføre sitt bodskap. Dei kan ikkje klarte kor høgt dei vil utan sikring, bruke eld eller arbeide utan vern mot støy.

Utviklinga har vore rivande og rask. Då Næss vart tilsett ved teateret for 14 år sidan hadde dei lite dokumentasjon av HMS-arbeidet.

– Me er på eit heilt anna nivå i dag. Samstundes blir det stilt heilt andre krav til oss, og hjelpemidla for å arbeide med HMS er mykje betre, seier Næss.

– Er det tryggare å vere skodespelar no?

– Ja. Det må risikovurderast og etterpå dokumenterast at det er gjort. Dei tekniske installasjonane på huset er også i betre stand.

Næss er kontant i svaret, og Erland nikkar bekreftande.

For fire år sidan starta dei med måling av støy i førestillingane. Det blir vurdert kor mykje støy det er kring dei som arbeider tett på lyden, og risikoen for publikum. Målingar av scenerøyk starta for eitt år sidan.

– Det er sjølvsagt blanda korleis kunstnarane reagerer når kunsten skal passe inn i HMS-regelverket, men dei fleste forstår at det heile handlar om å skape eit godt arbeidsmiljø, seier Næss.

Vaktbikkje og samarbeidspartner

Visste du at dersom driftsavdelinga ikkje gjer jobben sin blir publikum nekta inngang til førestillinga? Før kvar einaste førestilling må ein tilsett frå driftsavdelinga ha sjekka at bygget er trygt. Under førestillinga er folka frå driftsavdelinga på plass i bakgrunnen. Dei syt for at alt er som det skal, og vurderer risikoar fortløpande.

Erland og Næss ser ikkje på seg sjølv som hissige vaktbikkjer. Kanskje meir ein snill førarhund, ein samarbeidspartnar. Dei vil hjelpe, vise veg og syte for at alt sklir som det skal. Men er noko mot regelverket eller farleg vil dei sette ned foten.

– Me ser ei klar endring i samfunnet. Den yngre generasjonen forstår arbeid med tryggleik betre, og ikkje minst har dei betre kunnskap om teknikk, sumerar Erland.

Smilet sitt laust og latteren piplar fram når dei fortel om små hastige møter i kvardagen. Eit døme er telefon frå ein irritert tilsett med klage om ein pipelyd i datamaskinen. Lyden kom av at personen hadde lagt veska på tastaturet.

Teateret tyter ut av bygget

Duoen Næss og Erland er heldigvis ikkje åleine om å halde orden på Rogaland Teater. Med seg på laget har dei reinhaldspersonell, kantinetilsette, to assistentar og innleigd arbeidskraft. I eit bygg frå 1883 finst det utømeleg av oppgåver og utfordringar innan drift.

– Spør du meg, vaks organisasjonen Rogaland teater ut av dette bygget for mange år sidan. Eg ser at kunsten, dei tilsette og publikum treng ei forbetring, seier Næss.

Bygget er bygt på 20-30 gonger sidan 1883, og minner kanskje mest om ein labyrint. For driftsavdelinga er dette synonymt med travle dagar og spanande utfordringar.

– Du må vere ganske godt kjent i bygget for å forstå heilskapen, og korleis alt heng saman. Det er mykje me enno ikkje veit. Fleire ting frå den eldste delen av bygget er ikkje dokumentert, fortel Erland.

Ofte manglar teikningar og utfordinga blir å finne svaret på korleis ting heng saman. Gamalt teknisk utstyr og ventilasjon er ikkje berre å erstatte med noko nytt. Alt må passe saman.

– Det er veldig kjekt å arbeide her. Det er alltid noko å gjere og nye utfordringar på vent, understrekar Næss og Erland.

Inn til vidare nyt dei travle dagar.
– Det vil ikkje vere samfunnsøkonomisk å investere for mykje i dette bygget før ein har avklart om heile teateret skal flyttast, seier Næss.

Kvifor akkurat her?

Taktikken til driftsavdelinga er høg aktivitet og smart prioritering av oppgåver.

– Målet er å arbeide mest mogleg førebyggjande, og på den måten oppdage feil og manglar før dei blir eit problem, forklarar Næss.

Han viser til at 80 prosent av avvika blir rapportert inn av driftsavdelinga sine eigne folk. Tryggleik og brannfare er tema dei stadig går etter i saumane.

Denne driftsduoen har brei erfaring frå arbeidslivet før dei tilfeldig søkte seg til Rogaland Teater. Næss er utdanna røyrleggar og innan administrasjon. Erland har utdanning som flysystemmekanikar og arbeidserfaring frå NATO på Jåttå.

– Det er svært interessant å jobbe her. Eg kan påverke eigen arbeidskvardag og møter stadig nye utfordringar, seier Næss.

– Eg søkte denne stillinga som driftsteknikar for å få moglegheita til å arbeide teknisk. Her er mykje å sette seg inn i. Eg liker å bygge gode system, seier Erland.

Lange dagar

Driftsavdelinga har folk i sving på teateret frå klokka 04:30 om morgonen til 23:00 om kvelden. Eit godt team er avgjerande for å kunne fylle alle oppgåvene.

– Det finst nok mange oppgåver folk ikkje kjem på at me har. Til dømes all dokumentasjon av arbeid med byggesaker, seier Erland.

– Eg har ofte arbeida med ei byggesak år i forkant og etterkant av prosjektet, legg Næss til.

Oppfølging av krav og kontrollar frå myndigheiter er det også driftsavdelinga som tek seg av.

– Søv de godt om natta?

– Ja, eller det stemmer vell ikkje heilt. Ofte blir me vekka av ein telefon frå teateret. Oftast er det berre ein tilsett som har utløyst alarmen ved eit uhell. Andre gonger er det verre, seier Næss.

Lista over uheldige hendingar er lang, som då juletreet utanfor teateret tok fyr to år på rad.

– Skriv gjerne at me kan bli betre på flagging, seier Erland.

Dei to humrar litt over sviktande rutinar. Det er eit innleigde selskap som får flagget opp på taket, i seinare tid ofte på feil dag.

– Eg har fått mange telefonar frå publikum om at flagget ikkje er oppe, seier Næss.

Galgenhumoren er naudsynt for å krydre den driftige kvardagen. Dei vel sine kampar og prioritererknallhardt til det beste for teateret sine folk.