Tekst: Jofrid Åsland | Foto: Stig Håvard Dirdal

– Eg trivst med å vere kaospilot, kunne operere på mange forskjellig arenaer og forskjellige problemstillingar. Du får gjort meir jo travlare du er, forstår du kva eg meiner?

Lovorda heng laust hos både kollega og styret i Rogaland Teater. Arne Nøst skildrar stillinga si slik:

– Å vere teatersjef er rimeleg samansett. Ein er dagleg leiar og skal ha kontroll på HMS, strategi og omsorg for dei tilsette. Teatersjefen skal på toppen av dette finne kunstnarar utanfrå og utvikle prosjekter.

Det kan frå utsida sjå ut som om Arne har anda teater kvar einaste time i vaken tilstand, men det er feil. Han har alltid hatt andre arenaer utanfor teateret der han driv med heilt andre ting, som bildekunst og mosjon.

Ein dag på jobben

Ein vanleg dag startar på teateret mellom klokka 8:30 og 9:00, ofte med ein samtale med direktør Ellen Math Henrichsen. Dei diskuterer kva som skal skje den dagen, planar framover og evaluerer. E-posten står så for tur før Arne følgjer nokre prøvar. Han tid kvar einaste dag til å tenke over kva teateret skal fokusere på, og leiter etter nye prosjekt.

Vanlegvis har han to til tre formelle møter om til dømes budsjett, og to uformelle møter kvar dag.

– Det er greitt å kome seg rundt på dei forskjellige avdelingane i teateret i laupet av ei veke. Eg meiner det er betre at eg oppsøker dei, enn å vente på at dei skal oppsøke meg.

Teatersjefen går ofte heim mellom klokka 16:30 og 17:00, før han kjem tilbake ein tur på kveldstid for å følgje kveldsprøvar eller førestillingar. Arne reiser også for å sjå førestillingar ved andre teater.

– Mitt beste råd som teatersjef er å ikkje berre drive på med teater.

Arne har gjennom dei ti åra som teatersjef teikna fast for Aftenposten ein gong i veka, gått fjellturar og padla.

10 år som sjef

1.januar 2009 vart denne teatersjefen tilsett ved Rogaland Teater. For ei reise det har vore. Han har vore vågal og tillitsfull, men også sjef.

– Du veit aldri. Sjølv om du trur du har planlagt nøye må du plutseleg handtere ting på strak arm. Det er då det vert spanande i ein bransje som skal gi folk opplevingar.

Han visste ikkje kva det innebar å vere teatersjef før rolla var hans.

– Målet er at terskelen til meg skal vere låg og at miljøet skal vere inkluderande. Alle skal vere ein av gjengen. Me skal kunne tenke høgt saman.

Måla hans samsvarar godt med skildringa frå kollegaene ved teateret. Arne kan likevel setje ned foten om han må, slik er strukturen.

– Eg vil vere ein av gjengen på golvet, og meiner eg har lukkast godt med det. Ein teatersjef er ingen solkonge.

Som teatersjef må Arne ha kontrollen, men han treng ikkje å herske åleine. Direktøren Ellen er ein viktig samtalepartnar i det daglege.

– Eg prøver å ta så få avgjersler som mogleg åleine.

Ingen bestemt stil

Det var heilt tilfeldig at karriæra styrte mot teateret. Etter studium ved kunstakademiet i Oslo var det oppdrag som illustratør som førte Arne til teaterrommet. Han illustrerte teaterkritikkar, og fekk sjå svært mykje teater.

– Eg såg mykje som kunne vore vidareutvikla både når det gjaldt musikk og regi.

Arne skildrar teater som ein veldig samansett kunstform.

– Kva er bra teater for deg?

– For meg er det når du finn ut at du ikkje kjedar deg etter ti minutt og blir huka inn i førestillinga.

– Eg dyrkar ingen stil. Bra teater kan vere veldig mykje forskjellig.

Teatersjefen ser at teateret kan spegle samfunnet eller fungere som sin eigen eksistens i samtida.

– Me kan spegle mennesket, ideen om det som var før og ideen om mot til å delta i det fysiske rom.

Vågale val

Ein av dei mest spanande oppgåvene ein teatersjef har er val av kunstnarar.

– Det er spanande å velje unge folk, som ein ikkje veit så mykje om.

Teatersjefen er kjent for å vere vågal i val av kunstnarar. Mange kunstnarar som er kjente i dag har tidleg fått tillit av Arne. Eit døme er Sigrid Strøm Reibo, som hadde sin fyrste hovudsceneproduksjon ved Rogaland Teater.

– Godt vaksne kunstnarar skal også få utvikle seg. Det finst ikkje noko aldersgrense, det handlar om å skape et utviklingsrom.

Gjestande kunstnarar får tillit ved Rogaland Teater.

– For at flest mogleg skal kjenne at dei kan utvikle seg bruker me tillit som aktivum og deltaking som metode. Då er det lettare å våge.

For å skape den beste kunsten meiner Arne det er avgjerande å sleppe seg laust.

– Det er ikkje farleg å tryne. Det er berre dumt om det blir dårleg, men det er ikkje farleg.

Signaturverket

Den kunstnariske bakgrunnen er fyldig. Arne er bildekunstnar, senograf, musikar og komponist. Under førestillinga Pan basert på romanen av Knut Hamsun vil publikum få sjå eit verk med mange signaturar frå teatersjefen. Han tek nemleg hand om regi, scenografi og skal komponere musikk til stykket. Det er ti år sidan Arne sist arbeida med stykket Pan. Den gong som scenograf ved Hålogaland Teater.

– Kvifor akkurat dette stykket?

– Eg blei vell ikkje ferdig sist, og ville ha ein andre dans. Denne blir ingen kopi av førre førestilling. Med ein slik klassikar som Pan kan eg leike meg på ny.

Arne er gripen av at forteljinga framleis er aktuell og passar inn i moderne psykologi. Det er vurderinga av om Løytnant Glahn har vilje og evne til å gjere eigne val som fegnar.

– Diskusjonen kring eigne val eller om vala er prega av andre sin påverknad er svært aktuell i moderne psykologi. Det er fantastiske formuleringar i denne forteljinga, som står seg like godt i dag som i 1894.

Heilt åleine skal Arne ikkje vere om å forme førestillinga. Med på laget har han ein kostymedesignar og to personar som arbeider med lyd, animasjon og spesialeffektar.

– Blir noko nedprioritert når ein person skal ha så mange oppgåver?

– Det er fullt mogleg å ha fleire tankar i hovudet på ein gong når ein har flinke folk med seg.

Det er slik dei fleste kjenner han. Multikunstnaren som sjonglerer den eine ballen etter den andre i lufta samtidig, ein slags blekksprut.

– Pan vil bli ei blanding mellom gamledagar og dagens samfunn, samstundes kan eg love ei moderne førestilling.

Arne har gjort liknande sprell før. Der han har hatt ansvar for både scenografi og musikk. Denne mannen er van med mange hattar på ein gong, og hattane heng ofte saman. Dei ytre diskusjonane blir færre, og den indre dialogen veks.

– Dette er eit gruppearbeid. Ikkje solo. Det blir spanande å sjå kva som kjem ut av prosessen.

Lukker ei dør

Arne har nyleg avslutta eit leiarverv i Norsk teaterleder forum, men er framleis med i styret for Bildene Kunstneres Hjelpefond. Han held fast ved bildekunsten.

Denne blomen er ikkje i ferd med å visne sjølv om kapittelet Rogaland teater er over 1.januar 2019.
– Eg har vært velsigna med eit ensemble på teatret her som er særs godt. Med så mange talent, ulike personar, mykje klokskap og tolmod, det er ei gåve til ein kvar teatersjef!

– Kva skjer etterpå?

– Eg er heilt open. Det einaste handfaste eg har er leigekontrakt på eit atelier i Stavanger for to år. Der har eg allereie starta å arbeide litt på kveldstid. Me får sjå kva prosjekt som dukkar opp. Det er litt fint å ikkje vite.