Tilknytta Det Norske Teatret frå 1999- 2013. Der spela han i ei lang rekke oppsetningar av både klassikarar og ny dramatikk. Til dømes Ein gal manns dagbok av Gogol Vakkert av Fosse, Don Juan av Moliere, Verdas mest forelska par av Belsvik, Peer Gynt av Ibsen, Neverland Tryti Vennerød, Måken av Tsjekov, Kjærleiken overraskar igjen av Marivaux og Så blir det stilt av Lygre. I 2008 fekk han Hedda-prisen for rolla Peter Karpari i Den arabiske natta av Schimmelpfenning.