Brevvekslinga mellom Kitty Kielland og Arne Garborg

Arne Garborg og Kitty Kielland var nære venner. Deler av breva dei sende til kvarandre er samla i boka Brevveksling 1885-1906. Gjennom denne framsyninga ønskjer me ganske enkelt å utforska kunsten å vera venn, med utgangspunkt i brevsamlinga.

Vennskap

«Hva betyr det å være en venn? Hva innebærer et vennskap? Handler vennskap om å gi og ta? […] Hvor godt kjenner nære venner hverandre? Hva forstår en god venn intuitivt uten at det behøver å sies?» Spørsmåla vert stilte i Ine W. Fintland si innleiing «Vennskapskunst og vennskapsspor».


«…det gjør godt at faa se og forstaa et andet menneske.»

Vennskapskunst

Som skodespelarar er me vane med å stå på scena i opprivande og lite vennskapelege drama. Ligg det berre i dramatikkens natur at gode og varige vennskap er sjeldan vare i teateret? Eller speglar det at slike vennskap er sjeldne?

Gjennom dialogen mellom Kitty Kielland og Arne Garborg vil me gjerne invitera dykk med i utforskinga av Vennskapskunst. Hjarteleg velkommen!

I all vennskapelegheit,
Nina Ellen Ødegård og Torbjørn Berglund Eriksen

Et samarbeid med Garborgdagane

Vennskapskunst er eit samarbeid med Garborgdagar 2025, som er ein årleg litteraturfestival i Time kommune på Jæren, Arne Garborg sin fødekommune. Festivalen vert arrangert i dagane kring Arne Garborg sin fødselsdag, 25. januar.

Plakatfoto Sondre Michaelsen

Portrett Nina Ellen Ødegård

Nina Ellen Ødegård

Portrett Torbjørn Eriksen

Torbjørn Berglund Eriksen

  • Varighet

    1 time