Etterlyst: Jesus – gjestespill
Kva for ein Jesus treng vi i dag?
Hovedscenen
09. jan. 2018 - 27. jan. 2018
Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela. Men òg ein som inspirerte dei som grunnla Ku Klux Klan. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida.
Bjørn Eidsvåg har med framsyninga Etterlyst: Jesus prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Er det mogleg å finne ut? Og kva er det ved denne figuren som gjer at han påverkar oss menneske så sterkt?
Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt vil Bjørn Eidsvåg prøve å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall kva for ein Jesus? Med både nytt og gammalt songmateriale, mykje humor og tidvis i god bedehusstil vil dei leite i kulturhistoria – og i eiga oppveksthistorie – for å teikne eit bilde av den Jesus som både dei og kanskje publikum ønskjer seg i dag.
Forestillingen er et gjestespill og Dramakortet kan dessverre ikke benyttes.
Av og med
Bjørn Eidsvåg og Svein Tindberg
Regissør
Erik Ulfsby
Scenograf- og kostymedesigner
Mia Runningen
Lysdesigner
Torkel Skjærven
Lyddesigner
Ole-Petter Berger
Video
Raymond Stubberud/Siren Høyland Sæter
Dramaturg
Ola E. Bø
Band
Trommer: Anders Engen
Tangentar: David Wallumrød
Gitarar: Kjetil Steensnæs
Bass: Bjørn Holm