«ALDRI MEIR 2031!».

Skiltet står sentralt plassert kor du enn snur deg i år 2066. I 35 år har menneska, vi som var att, funne ein måte å overleva på. Helst under bakken, for på overflata lurer allslags farar. Ragnar, kollegaen min, mista venstre arm til Ravnfolket i fjor. Men her i gruvene er vi trygge, vi har arbeid og mat. Kongen bevare oss.

Sagnet seier at før hadde dei maskiner til alt, til å kriga, til å laga mat, ja,- dei kunne til og med fly. Men det er no berre eit sagn. Og det er helst barn som trur på slikt. For det gamle samfunnet er borte no, øydelagt av Den store stormen. Det vesle som fanst att, er destruert. Slik måtte det vera.

Menneska flaug for nær sola og så brann dei opp. Slik skal det ikkje gå med oss. Difor har ein ikkje lov å eige ting frå før 2031. Kongen bevare oss.

Men så er det nokon, ja, det er alltid nokon – forbanna nysgjerrige rævhol som ikkje vil innretta seg. Folk som grev i overflata etter relikviar frå den gongen menneska var på sitt mest stupide. Folk som rotar i oska etter ein tapt draum. Slikt blir ein hengd for. Heldigvis. Kongen bevare oss.

  • Varighet

    Ca. 1 time og 15 min uten pause