En velfortjent sekser på terningen til EKS! Anmelderen i Aftenbladet skrev så mye fint så dette blir et langt sitat!

«Mari Strand Ferstad er rett og slett fantastisk og presis i framstillinga av Sybille. Ho er giftig, intelligent og nådelaus, men også sårbar og følsam. Svein Solenes er drivande god som mannen. Både når han blir driven rundt i manesjen av dei sterke damene, men også dei gongene han prøver å reisa seg. Eller når han opnar seg og fortel kva han faktisk tenkjer.

Dynamikken, intensiteten og timinga mellom dei to ektefellane når dei kranglar er perfekt. Her er giftige replikkar i kombinasjon med blikk og kroppsspråk som får deg til å vekselvis le og krympa deg i stolen. Ikkje minst fordi du kjenner igjen det du ser og høyrer.

Legg til Mareike Wang, som overtyder som ekskjærasten som kjem inn og verkeleg får sett fyr på ulmebrannen i dette tilsynelatande vellukka og besteborgarlege ekteskapet. Då blir det full fyr i teltet.

«Eks» tek pulsen på vår eigen samtid og våre eigne liv. Dette er teater som både underheld og får deg til å reflektera. Som er alvorleg utan å bli kjedeleg. Som tek opp store spørsmål utan å bli pretensiøst. Som både er til å le og gråta av.

«Eks» er rett og slett teaterstykket du skal sjå i haust.»